Ledige stillingar
Du kan finne ledige stillingar frå fleire av selskapa i Havilagruppa på denne sida. Det gjeld stillingar i landorganisasjonane.
For stillingar til sjøs, må du gå til www.havilakystruten.no eller www.havilashipping.no.
Havila Service søker etter ein engasjert medarbeidar til mannskapsavdelinga vår som primært skal arbeide med skipa i Havila Shipping ASA. Har du erfaring frå HR, gode kommunikasjonseigenskapar, er løysingsorientert og serviceinnstilt kan du vere vår nye kollega på Havilahuset.
Vi styrkar økonomiavdeling vår i Fosnavåg og søker ein engasjert medarbeidar til teamet vårt og som primært skal arbeide mot skipa i Havila Kystruten. Du må like å jobbe med dagleg regnskapsarbeid og videreutvikling av system og rutinar. Du kan kombinere ein hektisk kvardag, integritet og profesjonalitet i arbeidet med stor entusiasme og arbeidsglede.
Vi søker ein fabrikkleiar som kan kombinere operativ drift med strategisk forbetring for Havila Biogass sitt anlegg på Varhol i Fræna kommune. Anlegget er ein del av Havila Biogass sitt landsdekkande nettverk av biogassanlegg som leverer utsleppsfri energi til industrien.