Mekanikar til Havila Biogass Nesset og Havila Biogass Hustadvika.
Hundre prosent grøn energi – og null utslepp. Havila Biogass viser handlekraft innan berekraft og vi søker no etter mekanikar til Havila Biogass Nesset og Havila Biogass Hustadvika.
Biogassmarknaden er i medvind. Profesjonaliseringa og industrialiseringa av bransjen skjer no og du får kome tidleg inn og bli med på utviklinga. Anlegget i Eidsvåg i Nesset er i drift og anlegget i Hustadvika er under bygging. Dette er dei første anlegga i rekka og fleire skal det bli. Derfor treng vi no fleire flinke folk og du som mekanikar får bli ein del av driftsavdelinga som er under utvikling.
Hovudoppgava til driftsavdelinga er stabil og forutsigbar produksjon gjennom preventivt og planlagt vedlikehald, høg driftstid og fagleg god biologisk drift. Du blir ein del av eit kompetent team og rapporterer til fabrikksjefen.
Arbeidsoppgaver som
Dagleg drift på heile biogassanlegget med ein kvardag i heile produksjonskjeda.
Mekanisk vedlikehald av utstyr som pumper, omrørarar, neddelarar, ulike sensorar, kompressorar for luft og metangass både innanfor og utanfor EX-område og utstyr som produserer produkt som selgast til næringsmiddelindustrien.
Drift med alt frå opning av tette rør og enkle laboratorieanalysar til drift av avansert teknologi innan biogassoppgradering, komprimering av metan (CBG) og CO2-produksjon (grøn CO2).
Opplæring av nytt mekanisk driftspersonell og tilbod om å leie det mekaniske vedlikehaldet for alle framtidige biogassanlegg.
Kvalifikasjonar
Utdanning innan mekaniske yrke og med interesse for biologi og teknologi.
Om du har lang erfaring eller er nyutdanna, vi tilbyr utvikling innan mange tekniske fagdisiplinar.
Relevant erfaring frå biogassanlegg, avløpsreinseanlegg, prosessindustri, eller frå drift i andre relevante tekniske miljø er ein fordel
Du får tilbod om relevante tekniske kurs for å gjere mekanisk vedlikehald.
God mekanisk forståelse, evne til å finne løysingar og god prosessforståelse.
Førarkort klasse B er et krav sidan du må køyre mellom biogassanlegga.
Skandinavisk språk er eit krav.
Stillinga er ein del av beredskapsvaktordninga ved anlegga.
Personlege eigenskapar
Du blir motivert av kontinuerleg forbetringsarbeid,
Du er van med å jobbe sjølvstendig
Du er målretta, nøyaktig og effektiv i arbeidet ditt
Vi tilbyr
Ein trygg og meningsfylt jobb med spennande og varierte arbeidsoppgaver i ei framtidsretta og miljøfokusert verksemd.
Du får jobbe på nye og moderne anlegg.
Gode mulegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer og ei rolle du kan vekse og utvikle deg i. Med langsiktige kontraktar og solide eigarar i ryggen, kjem du til ein svært trygg arbeidsplass samtidig som her er rom for å bidra til å utvikle selskapet vidare.
Du får bidra til å kutte utslepp av CO2 i stor skala, utvikle lokale arbeidsplassar, sirkulære løysingar for bio-gjødsel og gode løsninger for jordbruket.
Dersom denne stillinga snakkar til deg, og du ønsker å forme morgendagens berekraft saman med oss i Havila Biogass, håper vi du søker snart. Vi gjennomfører intervju fortløpande og ser fram til å bli betre kjent med deg!
Kontakt:
Havila Biogass Nesset AS
Direktør for drift og prosjekt v/Espen Govasmark
E-post: espen.govasmark@havila.no
Tlf: 40 48 02 33
Havila er eit familieeigd selskap frå Fosnavåg på Sunnmøre med røter som strekker seg heilt tilbake til 1950-tallet. No har vi starta ei ny og viktig reise: Vi bygger Norges beste biogass-selskap.