Havila Holding forvaltar det som er skapt gjennom generasjonar, foredlar og skaper nye verdiar, utviklar lønsame arbeidsplassar og bygger samfunn.

Til nytte og gagn.

Havila Holding er eit familieeigd investeringsselskap og morselskap for ei rekke selskap innan ulike segment.

Selskapet er eigd av Per Sævik saman med barna Njål Sævik, Hege Sævik Rabben og Vegard Sævik, som utgjer styret i selskapet. Havila Holding vart stifta i 1997.

 
blaa-morse.jpg
 

VERDIAR I HAVET

Annankvar dag skule. Annankvar dag fiskar på sjark. Tolv år gamal tente Per Sævik sine første kroner på fiskeri. Slik kunne han kjøpe sin første båt. Fiske meir. Skape nye verdiar.

Slik startar historia om Havila Holding. Per var den tredje eldste i ein syskenflokk på ni barn. Faren var fiskar, skipper, reiar. Heilt ut mot havet på Sunnmøre er det skrinne knausar, frådande stormar og vekslande fiskeri. Ein blir sterk av slikt. Og lærer å sjå nye mulegheiter.

 
 
historie-09-web.jpg
 
historie-03-web.jpg
 

Fiskeri og det rike sildefisket på 50-talet gav familien kapital til å bygge reiarlaget vidare. På 70-talet kjøpte Per saman med familien ein ringnotsnurpar. Og så, i 1981, tek han steget inn i oljenæringa med Sævik Supply. Selskapet vaks til å bli det nest største offshore-reiarlaget i Norge før det vart kjøpt av amerikanske Trico Marine i 1997.

 
 
historie-02-web.jpg
 
 
 

DET GODE GULLET

1997. Eit nytt kapittel startar. Havila Supply. Namnet er henta frå Første Mosebok. Der står det om landet ved Edens hage som heiter Havila. Det er landet der gullet er godt. Eldste sonen til grunnleggaren Per Sævik, Njål, kjem med i leiinga av det nye selskapet, og namnet fortel om ei målsetning om at ein skal skape godt gull, ikkje gull som øydelegg verken familie og familieforhold.

«Du bygger ikkje landet med salsgevinstar åleine», har Per Sævik sagt. Han vil skape ny aktivitet og vere langsiktig. Skape nye verdiar. På fleire felt. Vere til nytte og gagn.

 
294_web.jpg
 
 
Havila_farge.png
 
 

Logoen vert ein pullert. Det fortel om forankring. Men også at her kastar ein loss. Det er starten på nye eventyr. Nye mulegheiter. I midten av pullerten er det gull. Det gode gullet.

Frå årsskiftet 1997-1998 forsvinn Sævik-namnet frå organisasjonskartet, og Sævik-familien sitt eigarselskap får namnet Havila, Havila Holding.  

 

Havet har aldri vore ei hindring for folk på forblåste holmar. Havet er mulegheiter og havet er framtid. Havet er rikdom og føde. Liv og lengt.

 
blaa-morse.jpg
 

UT PÅ FLEIRE FELT

I ein kort periode på slutten av 90-talet eig Sævik-familien verftet Simek i Flekkefjord. I 2000 går Havila igjen inn i skipsbyggingsindustrien gjennom kjøpet av verftet Kværner Leirvik, som no får namnet Havyard Leirvik og Havyard Group vert etablert.

Havila Supply vert oppkjøpt av franske Groupe Bourbon i mai 2003. Berre månader seinare, 31. juli 2003 vert Havila Shipping ASA registrert. Det skal byggast eit nytt reiarlag.

Året etter kjem Havilas første investering i reiseliv. Det skjer i vesterled. Offshore-samarbeid med reiarlag på Færøyane har opna augo for øygruppa i vest, og Havila Holding går inn i Hafna Hotel i Torshavn.

I 2005 vert Havila Shipping ASA børsnotert, og Havyard Group som til no har vore eit reint verfts-selskap, kjøper eit skipsdesignfirma. Det er starten på det som skal bli eit børsnotert maritimt teknologikonsern. I 2007 vert skips- og eigedomsinvesteringar samla i Havila Ariel, som året etter blir børsnotert. Endå nokre år seinare kjøper Sævik-familien selskapet av børs, og Havila Ariel vert familien sitt eige selskap for eigedomsinvesteringar.

 
MMC-FP-web.jpg
 
1051-web.jpg
 
Havilahuset, Per Eide.jpg
 
 

Bygging av fleire firma og mange arbeidsplassar vert følgd opp med bygging av eige hus. I 2008 flyttar Havila-selskapa inn i det nye Havila-huset. Glasbygget speglar sjøen og båtane som går forbi medan hushjørna lutar ut og fram som ein baug som bryt bårene. Ut på nye felt. Klar for nye mulegheiter. 

 
 
 

TRANSPORT OG REISELIV

På 2010-talet rettar Havila blikket mot transport og reiseliv.

Transport av passasjerar og gods kjem inn i Havila-konsernet i 2011 gjennom eigarskap i Smyril Line, som går i rute mellom Færøyane og fleire europeiske land, og ikkje minst gjennom at Havila går inn i ferjeselskapet Fjord1.

I heimbyen, Fosnavåg, var Havila-konsernet ein naturleg del av det felles løftet som næringslivet tok, for å utvikle lokalsamfunnet med bygging av Sunnmørsbadet, hotell og konserthus. Thon Hotel Fosnavåg opna i 2014. Sævik-familien har tru på at reiseliv er eit forretningsområde der ein kan skape aktivitet og lønsame arbeidsplassar.

I 2014 vert også Havyard Group børsnotert. Namnet no er Hav Group.

 
 
fjord
 
runde-web-1.jpg
 
 
 

Havila Holding vart starta etter salet av Sævik Supply, som er forløparen for både Havila Supply og Havila Shipping. Desse offshore-reiarlaga som vart bygd opp av Sævik-familien var med på å gjere den vesle kystbyen Fosnavåg til det leiande offshore-senteret i Norge. Smellen i oljenæringa på midten av 2010-talet gav røffe forhold og behov for refinansiering for offshore-reiarlaga. Båtar vart lagt i opplag og båtar vart selde. Også i Havila Shipping. Men, samtidig såg ein mulegheiter og i 2017 gjekk Havila inn i Volstad Maritime, for å satse vidare på offshorefartøy.

 
 
 
15243389883_996c378c3e_o.jpg
 
 

Same året kjøper Havila Holding Hotell Ivar Aasen i Ørsta og tek over alle aksjane i Fjord1. For ferjeselskapet går ferda til børsnotering. Gjennom Fjord1 vert ein også medeigar i The Fjords, Fjord Tours og Widerøe,

I 2018 utvidar Havila reiselivssatsinga med å kjøpe Hotel Raftevold i Hornindal og hadde dermed bygd ein reiselivsakse frå fjell til fjord og fjøre. Selskapet Havila Hotels blir stifta. Og på Færøyane startar bygginga av nytt hotell i Torshavn.

Frå 2020 er også Hotell Geiranger ein del av Havila Hotels, og får namnet Havila Hotel Geiranger.

Havila satsar på reiseliv. Til lands, til vanns – og i lufta med.  

 
image1.jpeg
 
 
LofotenHavSkip_004_v02-web.jpg

EIT NYTT KYSTEVENTYR

I 2018 får Havila Holding tilslag frå Samferdselsdepartementet på å drive fire kystruter som skal gå den tradisjonsrike strekninga Bergen-Kirkenes. Kontrakten betyr at det skal byggast fire nye kystruter og ein ny organisasjon med 20-30 tilsette i administrasjonen og 500-600 sjøfolk. Igjen skal det skapast ny aktivitet til nytte og gagn. Denne gongen gjennom Havila Kystruten. 

 
 
Per-Sævik---Siv-Elin-Nærø---web.jpg

Per Sævik 80 år

15. desember 2020 fylte Per Sævik 80 år. Havila-gründeren og høvedsmannen Per er fortsatt i sving med lange dagar på kontoret, oppteken med å sjå framover. I bursdagsintervjuet peiker han på det å sjå mulegheiter og gripe dei.