Personvern

Personvernerklæring Havila Holding

I denne erklæringa vert det gitt informasjon om korleis Havila Holding behandlar personopplysningar.

Havila Holding er behandlingsansvarleg, og berre informasjon som er relevant i samband med spesifikke formål vert behandla. Det er frivillig å gi personinformasjon, og du kan når som helst be om å få innsyn i informasjon som er lagra, samt be om sletting dersom lagring ikkje er heimla i lov eller forskrift.

Havila Holding sitt ansvar gjeld ikkje for personopplysningar som er innsamla hos tredjepartar med mindre det er gitt erklæring om dette.

Personopplysningar gitt i samband med sponsorstøtte eller andre samfunnsnyttige/kulturelle formål, vert lagra i inntil 24 månader. Personopplysningar som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse vert lagra. Når du bruker skjema på Havila Holding sin nettstad, må du gi aksept for at vi kan lagre slik informasjon om deg.

Dersom du rettar ein førespurnad til oss via e-post gjennom våre nettsider eller på annan måte, vil opplysninger som namn, e-postadresse og telefon verte lagra i inntil 24 månader med mindre informasjon er lagringspliktig i samsvar med anna lovverk.

Vi brukar informasjonskapslar, også kalla cookies, på nettstaden vår. Cookies er standard internett-teknologi som blir brukt av dei aller fleste nettstader. Vi brukar dette for at nettstaden skal fungere optimalt. Du kan når som helst endre innstillingane for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det hende at nettstaden ikkje fungerer som han skal.

For å sikre trygg behandling av personopplysningar, er det berre eit fåtal personar i verksemda som behandlar informasjonen du gir. Ingen informasjon vert utlevert til tredjepart utan samtykke frå avgivar.

Havila Holding har sitt grunnlag for å behandle personopplysningar etter: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-38