Samfunn
Havila Holding skal vere til nytte og gagn. Vi er opptekne av å bygge verdiar og bygge samfunn.
Kvart år støttar vi gode formål i lokalsamfunna våre i tillegg til arbeidet i Stefanusalliansen og Stephen's Children. Det gjeld Mama Maggie sitt arbeid for barna i slummen i Kairo. Mama Maggie er kalla Egypts Mor Theresa, og den kvitkledde kvinna spreier lys mellom dei 8-10 millionane koptiske kristne i landet. Ho forlet ein lovande akademisk karriere for å hjelpe barna som lever på søppelfjellet i Kairo. Mama Maggie driv i dag eit av dei største hjelpeprosjekta for fattige i Midt-Austen. Meir enn 32.000 barn får kvar dag mat, helsehjelp, skulegang – og håp.
Havila vil bidra til allmennyttige formål i lokalsamfunn der vi har aktivitet.
Støtte skal spegle Havila sine verdiar og bli til nytte og gagn
for fleire
gjerne barn og unge
og skape gode lokalmiljø med fellesskap og utvikling
Det blir ikkje gitt støtte til kommersiell verksemd, enkeltpersonar eller privat formål.
Søkjar må oppgi kva sum det bli søkt om og vi ser ekstra positivt på søknader til prosjekt som har
konkret plan og tydeleg organisering
realistisk budsjett med tilskot og innsats frå fleire
brei støtte og forankring i lokalmiljøet
Havila Holding behandlar søknader om støtte to gongar i året. Søknadsfristen er 15. mars og 15. oktober.
INNSENDINGSSKJEMA FOR SØKNADER
Slik behandlar Havila Holding personopplysningar.