Per-Sævik-portrett-5-web.jpg
 

Med teft i toppen og saltvatn i blodet

- Eg ville berre sjå om eg greidde det. Det var svaret til seks år gamle Per då mora forstøkt spurde kva han hadde tenkt på då den vesle gutungen hadde teke færingen og rodd ei nautisk mil heimanfrå og tvers over fjorden til Fosnavåg.

Havila-gründer, høvedsmann og haugianar Per Sævik fyller 80 år 15. desember, og i samband med 80-årsdagen overleverte Per Sævik ei gamal år av den typen han brukte som seksåringen til barna sine.

- Eg ville berre sjå om eg greidde det har vore litt av drivkrafta mi, og eg ønskte å gi denne åra for å minne både om det og at årar saman med arbeid har vore ein viktig reiskap gjennom generasjonar når folk skulle ta seg fram i livet.

Åra har han fått frå naboen som fann den i eit gamalt naust, og åra er både bøtt og reparert.

- Og slik kan åra også minne om å nøyte det ein har, ta vare på det og bruke ting lengst muleg.  

Hadde verda vore litt meir normal, så kan det hende åra også hadde vore eit symbol på at han gav stafettpinnen til neste generasjon.

- 80 år vil vere ein høveleg pensjonsalder, men med dei motbakkane vi har no, er det feil å bruke 80-årsdagen til å takke for seg. Så i den utstrekning det er bruk for meg, så vil eg nok prøve å henge på litt til, iallfall så lenge eg er nokolunde oppegåande.

Saltvatn i blodet

Å henge på litt til er ei kraftig underdriving. Haugane med papirbunkar på kontorpulten vitnar om store mengder selskap og arbeidsplassar som Havila-leiaren Per Sævik held hovud over. På toppen av ein bunke ligg lunsjen. Ein plastpose med to brødskiver. Ved sidan av ligg krise-provianten; eplet han tyr til som overtidsmiddag når dagane vert ekstra lange.

Når han kikar over papirbunkane, ser han rett ut i skipsleia. Store, moderne fiskebåtar passerer forbi, og tanken slår han ofte, skal tru om eg hadde halde fram med fiskeri, hadde eg hatt ein slik ein då?

Det har vore brukt mange titlar på Per Sævik. Direktør og president. Gründer og reiar. Sjef, leiar og til og med riddar. Men inst inne er det fiskar han er.

Etter ein travel dag på jobben der informasjonsflaumen er ustanseleg og lista av e-postar uendeleg, så hiv han seg over endå meir informasjon og lister når han kjem heim. Då er det innmeldingsjournalen til Norges Sildesalslag.

- Eg er inne der fleire gongar om kvelden, for å sjå kven som har meldt inn fangst og kvar dei har meldt inn i frå.

 
historie-05-per-web.jpg
 

Jakt og konkurranse

Han sjølv starta som fiskar alt før han var konfirmert. Annankvar dag på skule og annankvar dag på sjarken til ein i heimbygda.

- Fiskeri låg i blodet frå tidleg barndom, og for meg og mange andre i fiskerikommunen Herøy så er det nok som det står i fiskarsongen «Til havs stend vår hug».

Som fiskar opplevde han eige forlis og det å vere hjelpelaust vitne til fiskarbrør som omkom då Lance forliste på Finnmarkskysten ein februardag 1974. To mann berga livet, men elleve omkom. Den hendinga er eit minne som sit sterkt i. Men så er det mange minne frå fiskarlivet som skin som den lysaste sommardag sjølv om det var ruskever og harde tak.

- Dei gongane du var med på å trosse ver og vind og fekk fangst når andre låg i land og ikkje trudde det var forhold, det er no av dei største gledene med å vere fiskar.

- For fiskeria handlar om jakt og konkurranse?

- Ja, det er ein vesentleg del, og det som gjer at det er så spennande.

Gripe mulegheiter og bite seg fast i ripa

Jakta på mulegheitene dreiv han inn i offshore i overgangen mellom 70- og 80-talet. Då hadde han vore fiskar, skipper og reiar i 25 år. Olje såg spennande ut, næringa var på veg oppover, og Per tenkte at kunnskapen om å drive båt, den måtte vel kunne brukast på fleire felt. Sævik Supply var namnet på det første reiarlaget. Sidan vart det fleire, og ein var med på å bygge den vesle kystbyen Fosnavåg til å bli ein leiande offshoreby i Norge der Sævik-reiarlaget og fleire andre reiarlag til saman hadde rundt 120 offshorebåtar.

Men starten var beintøff med ein vanskeleg marknad.

- Det var snakk om å bite seg fast i ripa og halde på så lenge at ting normaliserte seg.

Ikkje ulikt slik det er i dag med lav oljepris og høg koronasmitte.

- Det er klart at dette er tøft, men av erfaring så veit vi at bak skyene er himmelen alltid blå, så om ein greier å bite seg fast, er ikkje dette slutten på oljealderen. Men det har vore såpass tøft at dei fleste av oss hadde greidd seg med mindre.

Per trur at offshorenæringa aldri blir som før. Ein kan ikkje berre kopiere dei gode periodane frå tidlegare.

- Men at der er behov for tenester og båtar, det er det ikkje tvil om.

 
historie-02-web-.jpg
 

President og riddar

Ein periode var Per Sævik også president i Norges Rederiforbund, eit verv som iallfall kan få ein til å tenke på salong og sigar, finesse og etikette i større utstrekning enn det som skulle passe ein forblåst autodidakt frå ein av dei skrinnaste holmane på Sunnmøre. Men det gjekk bra, og då tida og stunda for avskjedsmiddag kom og det vart planlagt med både det eine og hitt av fine rettar, så tok sunnmøringen til motmæle. Han ville ha fersk torsk på menyen.

- Eg sa at eg hadde gått meir i kjeledress og støvlar enn dress og slips, så fersk torsk passa bra. Og eg høyrde ingen som klaga.

For innsatsen for sjøfartsnæringa både som fiskebåtreiar, offshorereiar og president i Rederiforbundet, vart Per Sævik tildelt Den Kongelege Norske St. Olavsorden. Ei ære som tilkjem svært få. Stas, men ikkje noko han pralar med. Han har enno ikkje hatt på seg medaljen i dei åtte åra han har vore riddar.

- Eg tenkte på om eg kanskje skulle ha den på då eg skulle i audiens hos kongen etter tildelinga, men så kom eg til at for ein smålåten mann frå bygda, så tek det seg ikkje ut å fare og brife med utmerkinga.

Sjølve tildelinga skjedde på Remøy bedehus.

- Ja, det var eit bevisst val. Bedehuset har vore ramma for livet mitt, og det var heilt naturleg å legge arrangementet til bedehuset.

Remøy bedehus til liks med ei lang rekkje andre bedehus har også hatt besøk av Per Sævik som forkynnar. Med sjuandesansen full av forretningsavtalar er der like vel rom for oppdrag på talarstolar rundt om i bedehus-Norge.

- Det vert i meste laget å bruke heiderstittelen emissær på meg, men eg kan ikkje seie at desse verdiane er dei viktigaste i livet, og så om einkvan kjem og spør om eg kan halde ei andakt, så skal eg ha det så travelt at eg ikkje har tid. Eg er difor ganske bevisst på å prøve og seie ja når eg blir spurt på det området, for det er noko med liv og lære, ord og handling, som er ein viktig del av livet.

Det gode gullet

Medan kontorpulten er full av papirbunkar er det vesle telefonbordet på høgresida av PC-en meir ryddig. Der ligg tre viktige verktøy. Ei bok til møtenotatar. Ein sjuande sans. Og ein velbrukt Bibel.

Hans Nielsen Hauge sitt liv og lære om «ånd og hånd» har følgd Per gjennom livet. Det same bodskapen på banneret som heng på Remøy bedehus om «Bed og arbeid».

- Eg er redd for at vi i vår materialistiske velstand der vi no er på verdstoppen økonomisk har mist noko av fundamentet i samfunnet vårt. Arbeid er ei velsigning, og det er noko eg ønskjer å halde høgt. Det same at det ikkje er nok å ha noko å leve av, ein må også ha noko å leve for.

Haugianaren Per Sævik er heilt klar på at det finst fleire botnlinjer i livet enn den du ser på eit rekneark. Difor heiter Havila Havila. Namnet kjem frå 1. Mosebok og er namnet på elvane som renn ut frå Edens hage. Den første elva heiter Pison, som er namnet på Per Sævik sitt private selskap. Elvane renn rundt Havilalandet. Der var det gull og det gullet var godt.

- Det er nettopp det som er det viktige i livet. At gullet skal vere godt. Så lenge vi har fred og fordragelegheit med alle våre, så spelar det mindre rolle om det er mykje eller lite gull.

- Kva vil du at Havila-namnet skal bety for dei som er tilsette i Havila?

- Ideelt sett vil eg naturlegvis at desse verdiane eg har prøvd å stå for i eit relativt langt liv skal vere dei rådande verdiane også Havila-gruppa. Det å vere etterretteleg, ikkje ta nokon snarvegar og prøve å tene litt ekstra på å vere litt for smart. Folk skal kunne lite på at det ein seier er rett. Det at folk har tillit til deg er meir verd enn pengar.

Ikkje akkurat nokon kvileheim

Etter å ha bygd eit konsern ut frå offshore og skipsteknologi har Per Sævik og Havila dei seinare åra også gått inn i reiseliv og transport. Når Havila Kystruten er i full drift, vil Havilagruppa med selskapa der Havila eig over 50 prosent ha nesten 3000 tilsette. Og det er dei tilsette som får æra for veksten.

- Sjølv har eg vel ikkje fått til så veldig mykje, men dette teamet eg har jobba med i alle år har fått til ein del, og det er ein ikkje ubetydeleg tilfredsstillelse for ein med berre folkeskule og søndagsskule å ha fått vore med på dette.

Sjølv om det går rykte om at 80-åringen ein dag i haust gjekk tidleg heim frå jobb, så er dei fleste dagane meir enn lange og han må ty til reserveprovianten, eplet.

- Eg opplever ikkje akkurat livet som ein kvileheim no.

- Men når du ein eller annan gong slår av lyset på kontoret for siste gong, kva arv ønskjer du skal stå igjen etter deg?

- Eg ønskjer at det skal stå igjen at arbeid er ei velsigning og at vi i alle motbakkar vi har prøvd å forsere, og delvis greidd å forsere, så er det ein ting som er viktig: Å sjå mulegheiter, gripe dei og sjå om ein greier å få ting til. Vi har nok til tider vore risikovillege så det held, og akkurat i dag så er det litt for mange ting av det vi held på med som er vanskeleg, men igjen så er eg overtydd om at bak skyene er himmelen alltid blå og at det vil rette seg denne gongen også.