IT-supportmedarbeidar

Vi styrkar IT-avdelinga vår og søker ein erfaren og sjølvstendig IT-supportmedarbeidar med solid erfaring innan brukarstøtte og IT-drift.

Du trivast med ansvar, tar eigarskap til saker og liker å finne gode løysingar for brukarane. Rolla er operativ og variert, og passar for deg som har jobba nokre år i IT-support og ønsker å vidareutvikle deg fagleg.

Du vil rapportere til IT Drift og Support Manager i Havila Service AS, og jobbe tett med avdelingar og personell frå dei ulike selskapa vi leverer IT-tenester til.  Du må trivast med å jobbe med folk i ein hektisk kvardag og vere ein god relasjonsbyggar.

Havila gir gode mulegheiter for eigenutvikling og verdset medarbeidarar som tek initiativ og ansvar.

Arbeidsoppgaver

  • Første og andre linje -support med ansvar for effektiv handtering av brukarsaker

  • Avansert feilsøking på PC-ar, klientmiljø og programvare

  • Installasjon, konfigurering og handtering av PC-er og IT-utstyr

  • Brukarstøtte og administrasjon av Microsoft 365 (Outlook, Teams, SharePoint m.m.)

  • Feilsøking og oppfølging av brukar-, tilgangs- og rettigheitsproblem

  • Bidra aktivt i dagleg drift, forbetring av rutinar og dokumentasjon

  • Eskalering og oppfølging av saker mot L3/leverandør der nødvendig

Kvalifikasjonar

  • Minimum 4–5 års relevant erfaring frå IT-support / brukarstøtte / drift

  • God praktisk erfaring med Windows-klientar og PC-maskinvare

  • Erfaring med Microsoft 365, Azure og Entra ID er en fordel

  • Grunnleggande nettverksforståelse (DNS, DHCP, VPN, WiFi, Brannmur)

  • Erfaring med supportsystem og strukturert saksbehandling

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Trygg i rolla og komfortabel med å ta ansvar

  • Serviceorientert med god forståelse for brukarbehov

  • Strukturert, effektiv og løysingsorientert

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere i ein travel kvardag

  • Positiv bidragsytar til arbeidsmiljø og forbetringskultur

Vi tilbyr

  • Ei sjølvstendig og viktig rolle i IT-drift

  • Mulegheit til å påverke løysingar, rutinar og verktøy

  • Fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar

  • Konkurransedyktige vilkår

Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i eit konsern med gode framtidsutsikter. Vidare tilbyr vi konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad er Havilagruppa sitt hovudkontor på i Fosnavåg næringspark på Mjølstadneset i Fosnavåg

Vi håper at du vil vise din interesse ved å registrere CV og søknad innan 31.03.2026.

Attestar og vitnemål leggast ved søknaden

Alle søknader og kontakt om stillinga blir behandla konfidensielt. Dersom du har spørsmål om stillinga, er du velkommen til å ta kontakt!

Kontaktperson

Eivind Leine

IT Drift og Support Manager

Havila Service AS

+47 938 06 551

eivind.leine@havila.no

Om Havila Service

Havila Service AS har om lag 50 tilsette i ulike støtte- og stabsfunksjonar for fleire selskap i Havila gruppa, som rederia Havila Shipping, Havila Subsea & Renewable og Havila Kystruten i tillegg til mellom anna Havila Hotels, eigedomsselskap, Havila Biogass og Havilagruppa på konsernnivå.

Havila Service (HS) leverer kompetanse og tenester innan en rekke ulike fagområde, mellom anna lønn, mannskapstjenester, regnskap, IT, berekraft og innkjøp.

Gjennom å samle desse funksjonane i eit felles selskap får vi større fagmiljø og heva kompetanse.

Torill MyrenHavilagruppa