Regnskapssjef
Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med rapportering på børsnivå og ønskjer å utvikle både deg sjølv og teamet ditt i eit konsern i vekst?
Vår noverande regnskapssjef skal over i ei anna rolle i konsernet og difor søkjer vi etter ein ny, ambisiøs kollega med god regnskapskompetanse.
Om oss:
Havilagruppa har røter tilbake til 1950-talet og står som ein solid hjørnestein i norsk maritim og offshore industri med tradisjon og evne til å sjå mulegheiter der andre ser utfordringar. Havilagruppa er eit familieeigd konsern med hovudkontor i Fosnavåg på Sunnmøre og har bygd sin posisjon gjennom langsiktig tenking, innovasjon og berekraftig utvikling.
Havila sin aktivitet strekker seg over fleire forretningsområde - frå offshore og shipping til reiseliv, eigedom, energi og investeringar. Med dotterselskap som Havila Shipping, Havila Kystruten, Havila Subsea & Renewables, Havila Hotels og Havila Biogass er Havilagruppa ein betydeleg aktør lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Havila er stolte av sine røter og maritime tradisjonar samtidig som ein er framtidsretta og satsar på grøne løysingar og teknologisk utvikling.
Å bli ein del av Havilafamilien betyr å arbeide i eit miljø der kompetanse blir verdsett, der stabilitet møter innovasjon og der kvar medarbeidar bidreg på vegen mot ei berekraftig framtid.
Vårt mål er å vidareføre det som er skapt over generasjonar, skape nye verdiar og bidra til utvikling av lokalsamfunn og lønsame arbeidsplasser.
Er du regnskapssjefen vi ser etter?
Kva om din neste arbeidsdag ikkje berre handlar om tal, men om å sette retning for framtidas økonomistyring? Vi søker deg som ikkje berre ser detaljane, men som også tør å stille spørsmål, utfordre status quo, er pådrivar i digitaliseringsprosessar og som sjølv tar ansvar og bidreg for å finne dei beste løysingene.
Hos oss får du ei sentral rolle i eit konsern med store ambisjonar og strenge krav til rapportering. Du trivast med å ha oversikt, men liker også å dykke ned i tala og sikre at alt stemmer – og du nøler ikkje med å seie i frå hvis noko ikkje gjer det.
Dine hovudoppgaver vil vere:
Overvake og administrere alle regnskapsfunksjonar, frå bokføring til finansiell rapportering
Utarbeide månadlege, kvartalsvis- og årlege regnskapsrapportar til konsernleiinga
Sikre at lover, forskrifter og rapporteringskrav til børsen vert halde
Leie, rettleie og utvikle eit kompetent regnskapsteam
Samarbeide med andre avdelingar for å støtte smarte økonomiske beslutningar
Delta i budsjettprosessar og økonomiske analysar
Forbetre og implementere regnskapsprosedyrar og interne kontrollar
Vi ser føre oss at du:
har høgare utdanning innan regnskap/økonomi
har solid erfaring fra regnskap, inkludert nokre år som leiar
er trygg på regnskapsstandardar og moderne økonomisystem
kan motivere, utvikle og bygge tillit i teamet ditt
har eit analytisk blikk og sterk detaljorientering
har gode samarbeidsevne og klar, tydeleg kommunikasjon
Arbeidsstad er på Havilahuset, Havilagruppa sitt hovudkontor i Fosnavåg næringspark.
Nysgjerrig på meir informasjon?
Ta kontakt med Sylvi i Sperre Executive Search,
e-post: sylvi@sperre.as
telefon: 90 96 78 48