Mannskapskoordinator

Havila Service søker etter ein engasjert medarbeidar til mannskapsavdelinga med kontorstad Fosnavåg, som kan gå inn i vårt team og primært arbeide med skipa i Havila Shipping ASA.

Havila Shipping driv tolv, moderne konstruksjons-, supply- og beredskapsskip inn mot fornybar energi og olje-/gassverksemd. Rederiet tilbyr leiande tenester i denne marknaden og sikre, effektive og miljøvenlege skip til kundane våre.

Har du erfaring frå HR innan maritim sektor eller har du HR-erfaring frå annan bransje og ønske om å arbeide innan maritim sektor, kan du vere vår nye kollega.

Vi søker en person med gode kommunikasjonseigenskapar, som er løysingsorientert og serviceinnstilt. Personen vi søker er også detaljfokusert og har evne til å jobbe strukturert i ein hektisk arbeidskvardag med raske endringar.

Du må trivast med å jobbe med folk og vere ein god relasjonsbyggar.

Arbeidsoppgaver og ansvar er mellom anna:

  • Rekruttering av maritimt personell med kvalifikasjonar etter gjeldande regelverk

  • Planlegging, koordinering og oppfølging av mannskapsskifte

  • HR-relaterte beredskapsoppgaver

  • Kontroll og oppfølging av faktura som gjeld mannskapsutgifter 

  • Kontroll av løn for mannskap

  • Utvikling og effektivisering av arbeidsprosessar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og/eller erfaring fra personalarbeid

  • God generell datakunnskap og systemforståelse

  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk

Eigenskapar og haldningar vi ser etter:

  • Samarbeidsorientert og god til å etablere gode relasjonar på alle nivå

  • Engasjert og interessert i å forstå samanhengar, utviklingsorientert og interessert i å ta i bruk ny teknologi, ønske om å skape resultat

  • Høg arbeidskapasitet, strukturert, kvalitetsbevisst, pliktoppfyllande, kreativ og løysingsorientert

  • Tek initiativ og er med på å spreie glede på arbeidsplassen

Havila gir gode mulegheiter for eigenutvikling og verdset medarbeidarar som tek initiativ og ansvar.

Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i eit konsern med gode framtidsutsikter, gode kollegaer i et godt og inkluderande arbeidsmiljø og konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad er ved Havila sitt kontor i Fosnavåg næringspark på Mjølstadneset i Herøy.

Vi håper du vil vise di interesse ved å registrere CV og søknad innan søndag 18. januar 2026.

Attestar og vitnemål leggast ved søknaden.

SØK HER

Kontaktperson

Kristin Kolgrov, Marine Crew Manager

Telefon 95 00 27 10

E-post: kristin.kolgrov@havila.no

Om Havila Service

Havila Service AS har om lag 50 tilsette i ulike støtte- og stabsfunksjonar for fleire selskap i Havilagruppa, som rederia Havila Shipping, Havila Subsea & Renewable og Havila Kystruten i tillegg til mellom anna Havila Hotels, eigedomsselskap, Havila Biogass og Havilagruppa på konsernnivå.

Havila Service (HS) leverer tenester innan ei rekke ulike fagområde, mellom anna løn, mannskapstenester, regnskap, IT, berekraft og innkjøp.

Gjennom å samle disse funksjonene i et felles selskap får vi større fagmiljø og auka kompetanse.