Lønsmedarbeidar - mannskapsløn
Har du erfaring med mannskapsløn? Då er dette rolla for deg.
Dette er ikkje ei vanleg lønsstilling. Vi ser etter deg som kjenner kompleksiteten når tariffavtalar, rotasjonar, Nav-refusjonar og Adonis møtast - og som veit at presisjon betyr alt. Hos Havila Service får du bruke erfaringa di i ei nøkkelrolle der løna sikrar tryggheit for mannskapet vårt til sjøs.
Dine ansvarsområde:
Månadleg lønskøyring for sjøfolk
Korrekt rapportering til Nav, Maritim pensjonskasse og fagforeiningar.
Oppdatering og vedlikehald av hyretabellar i Adonis
Råd til mannskap om løn, tariff og avtalar
Forbetring og utvikling av prosessar i lønsarbeidet
Vi ser etter deg som har:
Dokumentert erfaring frå mannskapsløn eller andre komplekse lønsområde
Solid systemkompetanse, helst Adonis eller ERP
Flytande i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Evne til å jobbe strukturert, presist og sjølvstendig samtidig som du er ein trygg samarbeidspartnar.
Hos oss får du:
Ei sentral rolle i eit konsern med lange maritime tradisjonar
Ansvar, tillit og mulegheit til å påverke korleis vi løyser lønsarbeidet
Eit arbeidsmiljø der samarbeid og kvalitet står høgt
Arbeidsstad Fosnavåg, med 5-20 reisedøgn i året
Gode vilkår, pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsstad er ved Havila sitt hovudkontor i Fosnavåg Næringspark på Mjølstadneset.
Vi håper du vil vise di interesse ved å registrere CV og søknad snarast råd..
Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du kontakte
Sylvi Saure
Sperre Executive Search
90 96 78 48,
epost: sylvi@sperre.as
Havila Service
Havila Service AS har om lag 50 tilsette i ulike støtte- og stabsfunksjonar for fleire selskap i Havilagruppa, som rederia Havila Shipping, Havila Subsea & Renewables og Havila Kystruten i tillegg til mellom anna Havila Hotels, fleire eigedomsselskap, Havila Biogass og Havilagruppa på konsernnivå.
Havila Service leverer tenester innan ei rekke ulike fagområde som løn, mannskapstenester, regnskap, IT, berekraft og innkjøp.
Gjennom å samle desse funksjonane i eit felles selskap får vi større fagmiljø og auka kompetanse.