Fabrikksjef Havila Biogass Hustadvika

Vi søker etter ein fabrikksjef som kan kombinere operativ drift med strategisk forbetring for Havila Biogass sitt anlegg på Varhol i Fræna kommune.

Havila Biogass bygger ut eit landsdekkande nettverk av biogassanlegg, for å levere forutsigbar, utsleppsfri energi til industrien. Anlegget på Varhol har løyve til å ta i mot 114 273 tonn biomasse i året, hovudsakleg husdyrgjødsel og marintavfall, og er no i vekst- og optimaliseringsfase.  

Din kvardag

  • Leie produksjon og vedlikehald for høgaste sikkerheit, kvalitet og oppetid.

  • Bygge eit prestasjonsmiljø (bemanning, opplæring, «Sikker Jobb Analyse», vaktordning).

  • Sikre at ein innfrir forureiningsløyve, biproduktregelverket (Mattilsynet) og ATEX.

  • Styre logistikkflyt for substrat, CBG og biogjødsel; levere dokumentasjon og varedeklarasjonar.

  • Eige budsjett/rapportering – og samspel med kundar i industriell bruk av biogass.

Du lykkast hvis du

  • Har leiarrerfaring frå prosess-/kjemi-/energiindustri.

  • Tenker heilheit: drift, HMS, økonomi, styresmakter og relasjonar.

  • Trivast med å «bygge medan vi flyg» – og tar beslutningar basert på data.

Kvifor er dette attraktivt

  • Stor påvirknad: Du formar teknologi, kultur og resultat i eit anlegg i skalering.

  • Målbar klimaeffekt og tydeleg sirkulær verdikjede.

  • Industrielt eigarskap og langsiktig ambisjon.

SØK PÅ STILLINGA HER

Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte Sylvi Saure Finsrud i Sperre Excecutive Search.

Telefon: 90 96 78 48

E-post: sylvi@sperre.as

Torill MyrenHavila