Eigedom

Det blir ofte snakka om risikovilje i Havila. Men samtidig må ein ha rotfeste. Og der kjem mellom anna eigedom inn.

Då Sævik Supply vart selt i 1997, gjekk ein vidare med skip og skipsverft – og eigedom. Ein ville ha fleire bein å stå på.

Havila Ariel vart starta i 1997 og børsnotert i 2008. I selskapet hadde ein kontor- og næringsbygg med lange leigeavtalar og sikre betalarar.

Selskapet vart kjøpt av børs etter nokre år og er no investeringsselskapet for nokre av Sævik-familien sine eigedomar. I dag er det tre eigedomar i Havila Ariel, to kontorbygg i Stavanger-regionen og eit kontor- og næringsbygg i Hareid.

Havila Holding har fleire andre eigedomar, mellom dei huset i Fosnavåg der Havyard Group held til.

I 2008 flytta Havila-selskapa inn i eige hus på Mjølstadneset. Glasbygget som er sikta inn etter kompassretningane har vorte eit landemerke og viser veg for dei seglande langs leia.