Diverse

Av og til seglar det forbi ei mulegheit som må gripast.

I Havila Holding er ein nysgjerrig på ny teknologi og nye retningar. Det må ein vere for å utvikle seg som selskap – og for å utvikle samfunnet.

Havila Holding har det meste av investeringane sine i segmenta offshore/fiskeri, turisme, skipsteknologi, transport, eigedom og media, men har også spreidd investeringar og interesser på andre felt.

Desse investeringane gjeld både nyskaping og verdiskaping, og det er i denne posten ein finn investeringane som er gjort der utvikling av lokalsamfunn er tenkt på som ein viktig del av gevinsten.